Røynda og språket
Språket har fleire oppgåver. Ei av dei viktigaste er kanskje å beskriva. For det er slik vi hugsar. Den som maktar å ordsetje eiga erfaring, eksisterer utover seg sjølv. Den som ikkje er i posisjon til å fortelje eller beskrive, risikerer å gå til grunne. Men lar alt seg beskrive? Og maktar språket...
Gespeichert in:
Veröffentlicht in: | Prismet (Oslo) 2023-01, Vol.73 (4), p.239-240 |
---|---|
Hauptverfasser: | , |
Format: | Artikel |
Sprache: | eng |
Online-Zugang: | Volltext |
Tags: |
Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
|
Zusammenfassung: | Språket har fleire oppgåver. Ei av dei viktigaste er kanskje å beskriva. For det er slik vi hugsar. Den som maktar å ordsetje eiga erfaring, eksisterer utover seg sjølv. Den som ikkje er i posisjon til å fortelje eller beskrive, risikerer å gå til grunne. Men lar alt seg beskrive? Og maktar språket å setje ord på røynsla i all si gru?
I haust har vi markert 80 år sidan skipet Donau gjekk ut frå kaien i Oslo. Vi har høyrt livsvitne fortelje si eiga historie, dei som erfarte at klassekameratar forsvann, og overlevande som greidde å flykta til Sverige. Gjennom desse forteljingane har enkeltmenneske som vart henta i heimane sine den 26. november, kome nærare i haust. Vi har høyrt, fordi nokon har fortalt.
Forskingsprosjektet MEMOROBIA (MF) tar sikte på å fortelje ei gløymt forteljing: det romske slaveriet i moderne tid. Ifølge stipendiat Maria Dumitru er historien om slaveriet berre heilt nyleg blitt inkludert i nokre rumenske lærebøker. Og arbeidet med å forstå konsekvensane av slaveriet, nemleg systematisk stigmatisering av romer i dag, står att. Gjennom skjermen har også arbeidarane i Qatar fått eit ansikt. Deira livsvilkår er slaveri. Når det som ikkje toler dagens lys, kjem fram i lyset, kan også endringar tvinga seg fram. Slik kan språket medverka til endring. Men berre der ein brukar språk til å beskriva røynda. Språk og røynd heng unekteleg saman, og det er nettopp difor at den som ikkje ynskjer endring, må utøve sensur.
Nokre gonger har språket makt til å skape røynd, men andre gonger er det røynda som skal endra språket. Ny teknologi og ny kunnskap gjev endra livsvilkår. Og språket skal beskriva nye erfaringar. Ja, sjølv bibelspråket er i kontinuerleg endring. Bibelselskapet reviderer bibelomsetjinga, og har fått reaksjonar på ei rekkje endringsforslag. Er det vi kjente som «å gå fortapt» det same som «å gå til grunne»? Og tåler vi at bibelteksten bruker metaforen «Guds slave»? Både røynda og språket er i spel.
Korleis kan vi så beskriva erfaringar som ikkje er våre? Korleis skal vi omtale røynda, ved grensa av det vi kjenner? Korleis snakkar vi om død? Og korleis tematiserer vi Gud som treeinig i samtale med unge menneske?
Disse er blant spørsmålene som diskuteres i det åpne nummeret du nå leser. I en refleksjonsartikkel drøfter Camilla Jørgensen betydningen av treenighetslæren i konfirmantundervisningen og i hvilken grad den kan ha relevans i unge menneskers liv. Hvordan kan treenigheten, et i seg selv komplekst og komplisert teologisk felt, gjøres |
---|---|
ISSN: | 0032-8847 2535-311X |
DOI: | 10.5617/pri.10087 |