Forteljingar om utdanningssystemet og førestillinga om ein norsk fredstradisjon

Denne artikkelen undersøkjer i kva grad og på kva måte førestillinga om ein norsk fredstradisjon kan lesast ut av ulike engelskspråklege publikasjonar om det norske utdanningssystemet frå 1940-åra fram til slutten av 1960-åra. Utgangspunktet er læraraksjonane i 1942. Då vart den historiske utvikling...

Ausführliche Beschreibung

Gespeichert in:
Bibliographische Detailangaben
Veröffentlicht in:Historisk tidsskrift 2024-10, Vol.103 (3), p.250-268
1. Verfasser: Angell, Svein Ivar
Format: Artikel
Sprache:nor
Schlagworte:
Online-Zugang:Volltext
Tags: Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
Beschreibung
Zusammenfassung:Denne artikkelen undersøkjer i kva grad og på kva måte førestillinga om ein norsk fredstradisjon kan lesast ut av ulike engelskspråklege publikasjonar om det norske utdanningssystemet frå 1940-åra fram til slutten av 1960-åra. Utgangspunktet er læraraksjonane i 1942. Då vart den historiske utviklinga av det norske utdanningssystemet fortalt fram som ein føresetnad for ein eigen norsk demokratitradisjon som fremja fredeleg samhandling mellom folk. Ei slik perspektivering kjenneteikna òg dei forteljingane om norsk utdanning som vart publiserte i tiåra etter krigen. Førestillinga om freds- og demokratitradisjonen vart i denne fasen særskilt kopla til føresetnadane som sprang ut av det krevjande norske landskapet. Den institusjonelle konteksten for forteljingane var arbeidet som vart gjort i kryssinga mellom utanriks- og utdanningspolitikken. Dette omfatta det generelle arbeidet for å fremja positive bilde av Noreg i omverda og arbeidet innanfor ulike internasjonale organisasjonar som Unesco. Forteljingane vert òg analyserte i relasjon til den norske historiekulturen i perioden. Artikkelen argumenterer for at vilkåra for å visa fram historia om det norske utdanningssystemet overfor omverda endra seg i 1960-åra. Førestillinga om ein norsk fredstradisjon kan likevel sporast innanfor den skulepolitiske diskursen òg i denne perioden.
ISSN:0018-263X
1504-2944
DOI:10.18261/ht.103.3.5