Totalkvikksølv og metylkvikksølv i filet og lever av brosme fiska i Boknafjorden, samanlikna med Hardangerfjorden og Lofoten
Det har i lang tid vore kjend at Hardangerfjorden er forureina, spesielt innerst i fjorden. Tidlegare masteroppgåver som er blitt gjort ved NIFES har funne kvikksølvkonsentrasjonar i brosme (Brosme brosme) frå Hardangerfjorden langt over EUs grenseverdi for mattrygghet på 0,5 mg kvikksølv per kg fil...
Gespeichert in:
1. Verfasser: | |
---|---|
Format: | Dissertation |
Sprache: | nor |
Online-Zugang: | Volltext bestellen |
Tags: |
Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
|
Zusammenfassung: | Det har i lang tid vore kjend at Hardangerfjorden er forureina, spesielt innerst i fjorden. Tidlegare masteroppgåver som er blitt gjort ved NIFES har funne kvikksølvkonsentrasjonar i brosme (Brosme brosme) frå Hardangerfjorden langt over EUs grenseverdi for mattrygghet på 0,5 mg kvikksølv per kg filet. Kvikksølvtilstanden i andre fjordar, som til dømes Boknafjorden er ikkje like godt beskriven som den i Hardangerfjorden, og det er behov meir kunnskap om dette området. I denne oppgåva har det blitt fanga i alt 112 brosmer i ulike delar av Boknafjorden, samt eit område i Hardangerfjorden og eit i Lofoten. Brosmene blei fiska av profesjonelle fiskarar mellom juli 2013 og juni 2014. Fisken blei filetert og lever tatt ut, og deretter blei filet og lever frå kvar fisk homogenisert og homogenatet av filet frysetørka. Prøvane blei deretter analysert for totalkvikksølv på Induktivt kopla plasma massespektroskopi, og for metylkvikksølv på gasskromatografisk induktivt kopla plasma isotopfortynning massespektroskopi. Det blei observert store forskjellar i kvikksølvkonsentrasjon i både filet og lever i brosmer frå dei ulike lokalitetane. I filet varierte den gjennomsnittlege konsentrasjonen av totalkvikksølv frå 0,18 mg/kg i Lofoten til 0,63 mg/kg i Hardangerfjorden. Metylkvikksølvkonsentrasjonane i filet frå brosme utgjorde omtrent 100% av totalkvikksølvkonsentrasjonen, og varierte på same måte som for totalkvikksølv. Totalt har 40 av 112 brosmer ein totalkvikksølvkonsentrasjon i filet som overstig Noreg og EU si grense for lovleg omsetjing på 0,50 mg/kg. Dei gjennomsnittlege konsentrasjonane i lever varierte mellom 0,10 mg/kg og 1,0 mg/kg for totalkvikksølv, og mellom 0,051 mg/kg og 0,29 mg/kg for metylkvikksølv. Den gjennomsnittlege total- og metylkvikksølvkonsentrasjonen i lever av brosme er lågast i Lofoten, og størst i Hardangerfjorden. Metylkvikksølvandelen i lever utgjer i snitt 48% av totalkvikksølvet, og varierer mellom 12 og 110%. Den gjennomsnittlege metylkvikksølvandelen i lever varierte mellom 39% og 56% mellom lokalitetane, med lågast metylkvikksølvandel i brosmer frå Hardangerfjorden og høgast i brosmer frå Lofoten. Brosmene av hokjønn har i snitt høgare totalkvikksølvkonsentrasjon i lever enn hannar, men forskjellen er ikkje signifikant. Det blei funne ein signifikant positiv korrelasjon mellom kvikksølvkonsentrasjon i filet og størrelse på brosma. Då lengdefaktoren blei fjerna ved å utføre ei kovariansanalyse med lengde som kovariant, viste det seg at |
---|