Samarbeid og relasjonar: koordinatorar sitt perspektiv på handtering av ufrivillig skulefråvær
Formålet med denne studien har vore å få ei djupare forståing av kva ufrivillig skulefråvær er og korleis skulen kan tilpasse seg elevar med ufrivillig skulefråvær i samarbeid med andre instansar. Dette har vorte forsøkt svart på gjennom å bruke intervju som metode. Det vart gjennomført i alt fem in...
Gespeichert in:
1. Verfasser: | |
---|---|
Format: | Dissertation |
Sprache: | nor |
Online-Zugang: | Volltext bestellen |
Tags: |
Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
|
Zusammenfassung: | Formålet med denne studien har vore å få ei djupare forståing av kva ufrivillig skulefråvær er og korleis skulen kan tilpasse seg elevar med ufrivillig skulefråvær i samarbeid med andre instansar. Dette har vorte forsøkt svart på gjennom å bruke intervju som metode. Det vart gjennomført i alt fem intervju. Informantane i oppgåva er koordinatorar som har jobba med elevar som slit med ufrivillig skulefråvær. Vidare vert informantane si forståing av omgrepet gått meir inn på. Etter dette går oppgåva inn på viktigheita av samarbeid, relasjonar, og diagnosar og kompetanse. Håpet er at oppgåva kan føre til meir kunnskap om kva ufrivillig skulefråvær er, og korleis ein skal møte desse elevane for å optimalisere skulekvardagen.
Å skulle hjelpe elevane med ufrivillig skulefråvær vert sett på som ei kompleks oppgåve.Bakgrunn for dette er at det ikkje er ein klar definisjon på kva ufrivillig skulefråvær er. Det kan vere mange ulike oppretthaldande årsaker til fråværet. Funna i oppgåva indikerer at gode relasjonar til eleven er heilt avgjerande for at eleven skal auke oppmøtet på skulen. Dersom relasjonen var god vart samarbeidet mellom alle partane betre. Det kom også fram i funna at kompetanse om diagnosar og psykisk helse hadde mykje å seie for både korleis ein møter og legg til rette for eleven. |
---|