Jeg er et helt liv i redningsvest»: Identitetsprosessar og didaktisk potensial i Sumaya Jirde Ali si diktsamling Melanin hvitere enn blekemiddel (2018)

I denne masteroppgåva har eg undersøkt det didaktiske potensialet i Sumaya Jirde Ali si diktsamling Melanin hvitere enn blekemiddel, med fokus på korleis identitet blir framstilt. Identitet er i analysane av fem utvalde dikt blitt drøfta opp mot Homi Bhabha sine teoriar om hybriditet og det tredje r...

Ausführliche Beschreibung

Gespeichert in:
Bibliographische Detailangaben
1. Verfasser: Vigre, Miriam Vølstad
Format: Dissertation
Sprache:nor
Online-Zugang:Volltext bestellen
Tags: Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
Beschreibung
Zusammenfassung:I denne masteroppgåva har eg undersøkt det didaktiske potensialet i Sumaya Jirde Ali si diktsamling Melanin hvitere enn blekemiddel, med fokus på korleis identitet blir framstilt. Identitet er i analysane av fem utvalde dikt blitt drøfta opp mot Homi Bhabha sine teoriar om hybriditet og det tredje rom. Bhabha ser på identitet som eit flytande fenomen som ikkje er fastsett, og meiner at identitet oppstår «in-between» kulturar (Bhabha, 2006, s. 72). Det tredje rom er eit hypotetisk rom som oppstår i prosessen der ulike kulturar møtast. Når ein person «oppheld» seg i eit tredje rom møtast dei ulike kulturane, og dei kryssast. Noko nytt blir då skapt, der ulike kulturelle identitetar blir utforska (Bhabha, 2006, s. 53). I denne oppgåva vil eg sjå på identitet i lys av Bhabha sine teoriar om hybriditet, som knytt til identitet omhandlar at ein ikkje kan sjå på identitet som eit fastsett fenomen. Identitet består av ulike kulturelle element, og ulike identitetar kjem saman, der desse må bli sett på som eit eige, nytt fenomen (Bhabha, 2006, s. 5). Dei fem analysane blir vidare diskutert i ein drøftingsdel, der identitetsperspektivet blir drøfta gjennom det kritiske potensialet i dikta. Som lesar leitar ein ikkje etter mønster i Melanin hvitere enn blekemiddel å vere kritisk til, men dikta er kritiske i seg sjølv. Kritikken ligg ikkje eksplisitt i tekstane, men skjuler seg i det store tolkingsrommet. Dikta inneheld eit rikt metafor- og bilderikt språk, og opnar for analytisk arbeid. Dette analytiske arbeidet er vilkåra for kritisk tenking, som igjen legg vilkår for diskusjonane rundt identitet i dikta. I den didaktiske drøftingsdelen av oppgåva blir litterære samtalar presentert som mogleg arbeidsmåte for å få fram det kritiske potensialet og diskusjonane rundt identitet i dikta. Litterære samtalar skal vere frie og utforskande samtalar der elevane kollektivt får utforske tekstar (Hennig, 2017, s. 163). I samband med dikta i denne oppgåva argumenterer eg for at dei litterære samtalane skal ha nokre faste rammer, der læraren må vere bevisst i si rolle under arbeidet. Dette fordi ein risikerer at elevane ikkje kjem på sporet av det kritiske potensialet og identitet om dei får ha heilt frie samtalar utan rammer. Som lærar skal ein byggje eit reisverk som eleven skal utvikle seg i, og som elev kan støtte seg på. Etter kvart når eleven blir meir sjølvstendig, kan ein som lærar fjerne reisverket, og eleven kan stå på eigne bein (Bråten, 1996, s. 132). Som lærar skal ein