Fosen-saka og norsk utmarksforvaltning i det grøne skiftet. Trong for nye verkemiddel?
Artikkelen gjer greie for innhaldet i Fosen-dommen og naturavtalen, og enkelte andre sentrale utviklingstrekk for forvaltning av utmarksareal i det grøne skiftet. Fosen-dommen er ei viktig påminning om at ein må sjå arealinngrep som kan påverka samiske interesser i samanheng både i innhald og over t...
Gespeichert in:
1. Verfasser: | |
---|---|
Format: | Artikel |
Sprache: | nor |
Schlagworte: | |
Online-Zugang: | Volltext bestellen |
Tags: |
Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
|
Zusammenfassung: | Artikkelen gjer greie for innhaldet i Fosen-dommen og naturavtalen, og enkelte andre sentrale utviklingstrekk for forvaltning av utmarksareal i det grøne skiftet. Fosen-dommen er ei viktig påminning om at ein må sjå arealinngrep som kan påverka samiske interesser i samanheng både i innhald og over tid. På liknande vis uttrykkjer naturavtalen at naturomsynet må integrerast hjå ulike aktørar og i ulike prosessar som vedkjem naturen. Ei rekkje ulike rettslege faktorar påverkar utmarksforvaltninga og energiressursane i det grøne skiftet, og det er trong for nye verkemiddel for å ivareta heilskapsomsyn. Eit mangfald ulike verkemiddel kan tenkjast for å ivareta ei meir heilskapleg forvaltning av energiressursane. Døme på verkemiddel som kunne ha vore utvikla vidare er bruk av omsynssonar i plan- og bygningslova, og at forvaltninga sjølv søker å organisere arbeidet sitt slik at dei i større grad får høve til å sjå arealtiltak i samanheng også etter sektorlovverket. For å ivareta heilskapsomsynet i større grad kunne ein ikkje minst tenkt seg at det vart utarbeida tydelegare materielle grunnlag for bruk av motsegn aleine ut frå at gode energiressursar var kartlagt i eit bestemt område. Omsyn som talar mot ei slik utvikling er at det kan gripe langt inn i det kommunale sjølvstyre. Ein kan på den andre sida tenke seg område der energibehovet er stort, energiressursane er gode, og det er samiske interesser eller andre interesser som berre toler at ei viss mengd arealinngrep kjem i området. For slike situasjonar kan det tenkjast at ein for å leggje til rette for å nå dei overordna klimamåla og dekka energibehovet, kunne ha særleg nytte av å utvikla det materielle grunnlaget, som synleggjer energiressursar som krev heilskapstenking. På denne måten kan energistyresmaktene i større grad nytta motsegn for å unngå framtidige konfliktar. |
---|