Læreverket Gyldendal si framstilling av naturvitskapens eigenart (NOS) og evolusjonsteorien

Denne masteroppgåva beskriv korleis læreverket til Gyldendal framstiller naturvitskapens eigenart (NOS) og evolusjonsteorien gjennom bøkene Refleks 5-7 og Element 8-10. Hensikta med oppgåva har vert å undersøke korleis lærebøker legg opp til at elevar på ulike alderstrinn skal forstå NOS og evolusjo...

Ausführliche Beschreibung

Gespeichert in:
Bibliographische Detailangaben
1. Verfasser: Aabrekk, Ingrid Oline
Format: Dissertation
Sprache:nor
Online-Zugang:Volltext bestellen
Tags: Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
Beschreibung
Zusammenfassung:Denne masteroppgåva beskriv korleis læreverket til Gyldendal framstiller naturvitskapens eigenart (NOS) og evolusjonsteorien gjennom bøkene Refleks 5-7 og Element 8-10. Hensikta med oppgåva har vert å undersøke korleis lærebøker legg opp til at elevar på ulike alderstrinn skal forstå NOS og evolusjon, samt koplinga mellom desse med tanke på korleis forskarane har arbeidt med å beskrive evolusjonsteorien slik den er framstilt i dag. Det er nytta ei innhalsanalyse av lærebøkene for å samle inn data. Analyseringa nytta hovudsakleg Erduran og Dagher (2014) sine elleve NOS-dimensjonar, og Catley et al. (2005) sine seks evolusjonsbyggjesteinar som teoretisk rammeverk. Konklusjonen er at alle dei seks lærebøkene inneheld eit eige NOS-kapittel som saman tek føre seg det meste av innhaldet i NOS-dimensjonane. Nokre av dimensjonane opptrer hyppigare enn andre og innhaldet i desse dimensjonane ser ut til å byggje vidare på kvarandre mellom dei ulike alderstrinna. Tilsvarande er alle evolusjonsbyggjesteinane omtalt, og det er læringsprogresjon innan nokre av byggjesteinane. Når ein byggjestein vert omtalt i lærebøkene er det sjeldan trekt koplingar frå byggjesteinen til evolusjonsteorien, noko som er uheldig fordi slike koplingar kan føre til at elevane får ei djupare forståing for evolusjon som berande idé. I svært få tilfelle nyttar lærebøkene NOS eksplisitt til å beskrive korleis forskarane har arbeidt innan ein evolusjonsbyggjestein, men når dette skjer får elevane ei betre forståing for kvifor forskarane sitt arbeid er viktig. I Element 8 er det eksplisitt beskrive at forskarane sitt arbeid har bidrege til å stadfeste evolusjonsteorien. Nøkkelord: Naturvitskapens eigenart, NOS, evolusjonsteorien, læringsprogresjon, innhalsanalyse.