Virtuelle Eksperter i Team - VEiT Pilotprosjekt H2018-V2021 NTNU
Pilotprosjektet VEiT (Virtual Experts in Teamwork) har hatt som mål å utarbeide eit rammeverk for korleis emne Eksperter i Team (EiT) på ein god måte kan gjennomførast i ein fleksibel, og virtuell kontekst. Gjennom tre år har eit VEiT-rammeverk vorte utprøvd, og utbetra årleg. Kvart år i prosjektper...
Gespeichert in:
Hauptverfasser: | , , , , |
---|---|
Format: | Report |
Sprache: | nor |
Schlagworte: | |
Online-Zugang: | Volltext bestellen |
Tags: |
Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
|
Zusammenfassung: | Pilotprosjektet VEiT (Virtual Experts in Teamwork) har hatt som mål å utarbeide eit rammeverk for korleis emne Eksperter i Team (EiT) på ein god måte kan gjennomførast i ein fleksibel, og virtuell kontekst. Gjennom tre år har eit VEiT-rammeverk vorte utprøvd, og utbetra årleg. Kvart år i prosjektperioden har tilbakemeldingar frå studentar og fasilitatorteam i landsbyane vorte innhenta, og brukt for å utbetre rammeverket til det neste studieåret. Eigen VEiT-spesifikk opplæring for landsbyleiarar og læringsassistentar vart utarbeida og gjennomført, for å introdusere fasilitatorteama til rammeverket, og virtuell fasilitering. Eigne ressursar med forslag til gjennomføring av øvingar og landsbydagar er også utarbeida for å støtte arbeidet til fasilitatorteama i vårsemesteret. Våren 2021 har det vorte gjennomført ein systematisk datainnsamling frå 12 VEiTpilotlandsbyar, og fleire intervju med studentar, læringsassistentar og undervisningsassistentar. Det har også vore gjennomført ei spørjeundersøking for VEiT-landsbyleiarar. I tillegg har VEiT-relevante spørsmål vore ein del av studentundersøkinga, so data derifrå har gitt meir innsikt i korleis studentane opplever det digitale læringsmiljøet i VEiT, og i kor stor grad dei sjølv meiner læringsmåla i emnet er oppfylt. Resultat frå datainnsamlinga indikerer at det utvikla rammeverket fungerer bra for å gjennomføre og oppnå læringsmåla i EiT i eit virtuelt læringsmiljø. Vidare utvikling av rammeverk og ressursar er tilrådeleg. |
---|