Engelske kalkeringar i norsk språk: Betydninga av intensiv eksponering for engelsk i tidleg alder

Engelsk er eit språk som har fått stor innverknad på det norske språksamfunnet, noko som kjem til uttrykk gjennom språklege lån frå engelsk til norsk. Denne bachelor-oppgåva tek for seg indirekte lån i form av kalkeringar. Anne-Mette Sunde (2019) har funne støtte for at slike lån ser ut til å auke m...

Ausführliche Beschreibung

Gespeichert in:
Bibliographische Detailangaben
1. Verfasser: Kathrine Tranøy
Format: Dissertation
Sprache:nor
Online-Zugang:Volltext bestellen
Tags: Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
Beschreibung
Zusammenfassung:Engelsk er eit språk som har fått stor innverknad på det norske språksamfunnet, noko som kjem til uttrykk gjennom språklege lån frå engelsk til norsk. Denne bachelor-oppgåva tek for seg indirekte lån i form av kalkeringar. Anne-Mette Sunde (2019) har funne støtte for at slike lån ser ut til å auke med auka eksponering og kompetanse i språket. Eg byggjer på dette ved å sjå på korleis intensiv eksponering for engelsk i tidleg alder kan føre til auka aksept og bruk av kalkeringar. Oppgåva tek utgangspunkt i Sunde og Kristoffersen (2018) sin akseptabilitetsstudie som undersøkjer aksept og produksjon av kalkeringar på tvers av alder. Deira metode blir nytta på ein simultant tospråkleg informant med norsk og engelsk som morsmål, for å sjå korleis slik språkblanding arter seg når ein har morsmålskompetanse i begge språk. Bakgrunnen for dette er at engelske kalkeringar er observert i informanten sin spontane tale. Resultata viser at ho aksepterer relativt få kalkeringar i forhold til Sunde og Kristoffersen sine informantar, men produserer fleire i omsetjing frå engelsk til norsk. Dette blir forklart ved hjelp av Matras sin repertoarteori og Ullman sitt minnesystem. Til slutt i oppgåva argumenterer eg for at norske språkbrukarar sin språksituasjon blir meir lik situasjonen til min informant, som kan indikere at fleire kalkeringar vil bli spreidd og etablert i det norske språket.