Auren i Øvre Heimdalsvatn 2020

Som ein lekk i å oppretthalda den lange tidsserien med innsamling av bestandsdynamiske data på aure i det subalpine Øvre Heimdalsvatn, i Øystre Slidre, har det kvart år i dei siste seks åra, inkludert 2020, vore gjennomført eit garnfiske med ein såkalla pilotserie av settegarn med maskeviddene 24, 2...

Ausführliche Beschreibung

Gespeichert in:
Bibliographische Detailangaben
Veröffentlicht in:MINA fagrapport 2021
1. Verfasser: Borgstrøm, Reidar
Format: Report
Sprache:nor
Schlagworte:
Online-Zugang:Volltext bestellen
Tags: Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
Beschreibung
Zusammenfassung:Som ein lekk i å oppretthalda den lange tidsserien med innsamling av bestandsdynamiske data på aure i det subalpine Øvre Heimdalsvatn, i Øystre Slidre, har det kvart år i dei siste seks åra, inkludert 2020, vore gjennomført eit garnfiske med ein såkalla pilotserie av settegarn med maskeviddene 24, 26, 2 x 29, 31, 2 x 35, og 39 mm. Denne serien er tilnærma same pilotserien som vart brukt ved bestandsstudiane på sekstitalet, der også data på fangst per innsats og estimert storleik på kvar aldersklasse inngjekk. Desse data kunne difor brukast til å estimera antal fisk i kvar av aldersklassane 4 – 8 vintrar, og ≥9 vintrar, basert på fangst per pilotserienatt i åra 2015 – 2020. Aldersbestemminga av auren er gjort med bruk av otolittar som før avlesing vert knekt gjennom sentrum og brende. Otolittane frå aure i Øvre Heimdalsvatnet ser ut til å gje svært presis aldersbestemming. Det er dessutan fullt samsvar mellom skjellalder og otolittalder fram til auren stagnerer i vekst. Det er ein klar årleg auke i lengdevekst til auren er minst 8-9 vintrar. Nokre fisk har ekstra god årleg tilvekst, og det kan vera eit resultat av fiskeeting, men dette er ikkje førebels avklart. Rekrutteringa til bestanden, målt som talet på fireåringar, har halde seg låg i dei siste seks åra, på same måte som i åra 1993 – 2009, bortsett frå 2018 då rekrutteringa ser ut til å ha skote i veret. Talet på eldre fisk har gått ned i løpet av dei siste fem åra, medan yngre fisk (aldersklassane 4 – 6 vintrar) har gått litt opp. Regresjonen mellom årstilveksten for seksåringar i ein rekke år i perioden 1992 – 2019 og junitemperaturen i Hinøgla er signifikant (Lineær regresjon, p