Klasseromsdialogen i samband med interaktiv tavle
Teknologi har endra måten me lærer, kommuniserer, finn informasjon, underheld- og tileigna oss bodskap. Mange lærarar har ei interaktiv tavle tilgjengeleg i klasserommet. Føremålet med masteroppgåva er å få innsikt i korleis klasseromsdialogen kjem til uttrykk når tre grunnskulelærarar brukar intera...
Gespeichert in:
1. Verfasser: | |
---|---|
Format: | Dissertation |
Sprache: | nor |
Online-Zugang: | Volltext bestellen |
Tags: |
Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
|
Zusammenfassung: | Teknologi har endra måten me lærer, kommuniserer, finn informasjon, underheld- og tileigna oss bodskap. Mange lærarar har ei interaktiv tavle tilgjengeleg i klasserommet. Føremålet med masteroppgåva er å få innsikt i korleis klasseromsdialogen kjem til uttrykk når tre grunnskulelærarar brukar interaktiv tavle. Vidare ynskjer studien å få fram deira tankar og erfaringar kring tema klasseromsdialog og interaktiv tavle. Studien har eit kvalitativt design. Metodereiskap som har vore nytta er observasjon og intervju. Studien byggjer på ulike teoretiske perspektiv knytt til interaktiv tavle og dialog. Tidlegare forsking viser at den interaktive tavla har potensial for å opne opp for eit dialogrom. Ved å bruke interaktiv tavle i klasserommet kan ein vere med å støtte verdifull og nye former for dialog. Den interaktive tavla opnar opp for meir elevaktivitet, noko som gir elevane eit betre utgangspunkt for refleksjon. Samstundes har den interaktive tavla potensial til å lettare dele, visualisere og forstå, noko som vidare fører til at det lett kan få diskusjonen i gang. Informantane sine tankar kring interaktiv tavle og dialog er at det vert mindre formidling, noko dei hevdar stimulerer til meir dialog. Dei tre lærarane opplev at elevane vert meir engasjert ved bruk av interaktiv tavle og at det legg til rette for å fremja god klasseromsdialog. I studien tek ein med seg at gode dialogar vert også uttykt uavhengig av tavla eller ikkje. Såleis kan ein seie at lærarane si undervising er avgjerande for korleis dialogen vert i klasserommet, uavhengig av interaktiv tavle. |
---|