Assessment of Operation of Biogas Production Plants in regards to Yield Factor, Energy Efficiency and Environmental Benefit
Ei kontinuerleg aukande energietterspurnad og eit auka fokus på miljøvenlege energikjelder krev stadig utvikling og bruk av alternative energikjelder. Avfallsproduksjon er ein naturleg konsekvens av ein moderne livsstil. Ved å utnytte avfallet til biogassproduksjon genererast grøn energi, samstund...
Gespeichert in:
1. Verfasser: | |
---|---|
Format: | Dissertation |
Sprache: | eng |
Online-Zugang: | Volltext bestellen |
Tags: |
Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
|
Zusammenfassung: | Ei kontinuerleg aukande energietterspurnad og eit auka fokus på miljøvenlege energikjelder krev stadig utvikling og bruk av alternative energikjelder. Avfallsproduksjon er ein naturleg konsekvens av ein moderne livsstil. Ved å utnytte avfallet til biogassproduksjon genererast grøn energi, samstundes som avfallet handterast på ei forsvarleg måte. Biproduktet frå biogassproduksjon er rikt på næringsstoff og vert dermed sett på som ein verdifull ressurs i landbruket.
Denne masteroppgåva omhandlar produksjon av biogass frå organisk avfall. Fleire biogassproduksjonsanlegg vart analysert i eit forsøk på å evaluere produksjonsutbyttet og energieffektiviteten til anlegga. Modellar vart utvikla basert på prinsipp frå materialstrømanalyse for å representere verdikjeda for biogassproduksjon. Miljøfordelen ved biogassbruk vart vurdert for kvart anlegg ved å berekne mengda unngått CO2-utslipp.
Utbyttefaktorar berekna basert på innkomande mengde VS var høgare enn utbyttefaktorar berekna basert på innkomande mengde DM og våtvekt. Den berekna energieffektiviteten varierte frå om lag 26% til rundt 80%. Energieffektiviteten var høgare for anlegg som produserer oppgradert biogass, truleg grunna det auka energiinnhaldet i den oppgraderte gassen. Den berekna miljøfordelen ved biogassbruk var positiv for alle dei studerte anlegga, uavhengig av korleis biogassen vart nytta.
Ei sensitivitetsanalyse vart gjennomført for å evaluere påverknadskrafta til bestemte parametrar på energieffektivitet og miljøfordel. Parametrar knytt til transportavstandar og DM mengde av innkomande avfall vart analysert grunna høg grad av usikkerhet. Transportavstand for matavfall og DM mengde av matavfall viste seg å ha betydeleg innverknad energieffektiviteten og miljøfordelen for alle dei evaluerte anlegga.
Dei berekna verdiane vart samanlikna med relevant litteratur for å vurdere gyldigheita av resultata. Resultata samsvarte i hovudsak godt med tall henta frå litteratur. Avvik kan skuldast ulike systemgrenser, urimeleg anteke verdiar og eit utilstrekkeleg datagrunnlag.
Meir detaljert informasjon med omsyn til drifta ved dei evaluerte biogassanlegga er naudsynt for å forbetre validiteten av dei berekna verdiane. Fleire feilkjelder er til stades og resultata kan derfor ikkje sjåast på som representative for den faktiske drifta ved dei evaluerte biogassanlegga. Like fullt kan dei gje indikasjonar på moglege fokusområde for forbetra drift. |
---|