Likestillingslandet, men ikkje der du bur? Eit studie av kjønnslikestilling i spennet mellom nasjonale ideal og lokale perspektiv

I denne oppgåva studerer eg kjønnslikestilling, som er ein viktig norsk kulturell verdi. At Norge er eit ‘likestillingsland’ er ein del av vår nasjonale identitet, men samtidig finnast det store forskjellar i regional utøving av likestilling. Korleis kan dette skje, når det same politiske nasjonale...

Ausführliche Beschreibung

Gespeichert in:
Bibliographische Detailangaben
1. Verfasser: Flikke, Julie Katrine
Format: Dissertation
Sprache:nor
Online-Zugang:Volltext bestellen
Tags: Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
Beschreibung
Zusammenfassung:I denne oppgåva studerer eg kjønnslikestilling, som er ein viktig norsk kulturell verdi. At Norge er eit ‘likestillingsland’ er ein del av vår nasjonale identitet, men samtidig finnast det store forskjellar i regional utøving av likestilling. Korleis kan dette skje, når det same politiske nasjonale rammeverket gjeld for heile landet? Problemstillinga mi handlar om å studere spennet mellom nasjonale og lokale likestillingsforståingar, der eg gjer eit casestudie av Førde kommune i Sunnfjordregionen. I oppgåva studerer eg likestillingsforståingar på tre ulike nivå: det nasjonale, representert gjennom Statistisk sentralbyrå (SSB) og politiske dokument, lokal likestillingspolitikk og offentleg opinion gjennom lokalmedia. Eg brukar ei metode eg kallar samspelsanalyse. Igjennom denne bruker eg analysegreip innanfor diskursanalyse for å studere samspelet mellom dei ulike diskursive likestillingsforståingane på områda deltidsarbeid, fordeling av foreldrepermisjon og kjønnsfordelt leiing. Måten eg gjer dette på er å fyrst studere kva diskursar som er i spel med kvarandre på kvart nivå, før eg ser på intertekstuelle samanhengar mellom dei i samspelsanalysen. Analysen viser at dei to dominerande likestillingsforståingane handlar om to grunnleggande ulike måtar å sjå likestilling på: anten om noko som handlar om valfridom, eller om skeive samfunnsstrukturar. Desse knyt eg til den historiske likestillingsdebatten i Norge. Desse forståingane går igjen båe på det nasjonale og det lokale nivået. Det som er interessant, er at eg tydeleg ser at det nasjonale rammeverket har påverka den lokale likestillingsforståinga. Men dette har ikkje gått i ei rett linje nedover. Lokal politikk og opinion oppfattar signal rundt viktigheita av likestilling frå det nasjonale, men tolkar det på si eiga måte og utformar sine eigne forståingar basert på eigne interesser og lokal kontekst. Kommunen har eit klart perspektiv som arbeidsgjevar som vil skape verdiar, og lokale familiar er særleg opptatte av deira posisjon og fleksibilitet innanfor det nasjonale likestillingsrammeverket. Slike funn viser at det er viktig at fleire utforskar samspelet mellom nasjonale og lokale perspektiv.