Moglegheitsstudie av PV-anlegg for dei komande veterinærbygga ved NMBU
Solceller er den teknologien for produksjon av elektrisitet frå fornybar energi som har hatt størst prosentvis vekst globalt dei siste åra. Nye, strenge krav frå norske og europeiske myndigheiter fører til at ein må ta i bruk nye byggeteknikkar og nye måtar å forsyne bygningane med energi, og mykje...
Gespeichert in:
1. Verfasser: | |
---|---|
Format: | Dissertation |
Sprache: | nor |
Online-Zugang: | Volltext bestellen |
Tags: |
Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
|
Zusammenfassung: | Solceller er den teknologien for produksjon av elektrisitet frå fornybar energi som har hatt størst prosentvis vekst globalt dei siste åra. Nye, strenge krav frå norske og europeiske myndigheiter fører til at ein må ta i bruk nye byggeteknikkar og nye måtar å forsyne bygningane med energi, og mykje tyder på at det òg i Noreg kjem til å bli vanleg med solceller på bygningar i framtida.
Målet med denne masteroppgåva er å kartleggje potensialet for å installere solceller på taka av dei nye bygningane som skal byggast til veterinærinstituttet ved NMBU.
Meteorologiske data frå fleire kjelder er samla inn og analysert for å vurdere ressursgrunnlaget for PV-anlegget.
Dataprogrammet PVsyst er brukt til å gjere nesten 40 simuleringar av ulike konfigurasjonar som kan vera aktuelle for dette prosjektet.
Det er laga forenkla 3D-modellar av bygningane og PV-anlegget. I tillegg er ein skog som ligg rett ved sida av tomta tatt med i modellane, då det er venta at trea vil kaste skuggar på delar av taket der PV-anlegget kjem.
Simuleringane er gjort for fem ulike orienteringar av modulane, og for kvar av desse er det sett på effekten av ulike vinklar i forhold til horisontalplanet, og for ulike val av komponentar.
Effekt- og energibehovet til bygningane er estimert ved hjelp av forbruksdata frå bioteknologibygningen, som er eit av dei eksisterande bygga ved NMBU. Desse dataa er brukt til å berekne kor mykje energi kvart av systema vil måtte levere til det elektriske nettet i periodar når produksjonen er høgare enn behovet lokalt.
Det er òg gjort økonomiske analyser der energikostnaden for dei ulike systema er berekna.
Simuleringane viser at ein ved å installere solceller på 10 000 kvadratmeter av taket kan produsere opp til 1,2 GWh elektrisitet årleg med ein sjølvforsyningsgrad på opptil 20 %. Kostnadsberekningane er noko usikre, men viser at ein med dagens prisar vil betale mellom 1,2 og 1,6 kroner per kilowattime for straumen som vert produsert.
Solar photovoltaic is the technology for production of electricity from renewable energy sources that have had the greatest growth globally in recent years. New, strict requirements from Norwegian and European authorities lead to the need to adopt new building techniques and new ways to supply buildings with energy, and many suggest that also in Norway it is going to be common with solar cells on buildings in the future.
The aim of this master thesis is to survey the potential to install solar panels on the roof of the new buildin |
---|