Bruk av modelltekstar i sakprega skriving på mellomtrinnet : Ei undersøking av korleis modelltekstar set spor i elevtekstar og korleis elevar posisjonerer seg i ulike sakprega skrivesituasjonar
Forskingsprosjektet «Bruk av modelltekstar i sakprega skriving» undersøkjer korleis elevar på 5. trinn brukar modelltekstar dei blir gitt i undervisninga. Målet med prosjektet er å finna ut om modelltekstar kan fungera som støtte for elevane som skrivarar av sakprega tekstar. Forskingsspørsmåla unde...
Gespeichert in:
1. Verfasser: | |
---|---|
Format: | Dissertation |
Sprache: | nor |
Schlagworte: | |
Online-Zugang: | Volltext bestellen |
Tags: |
Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
|
Zusammenfassung: | Forskingsprosjektet «Bruk av modelltekstar i sakprega skriving» undersøkjer
korleis elevar på 5. trinn brukar modelltekstar dei blir gitt i undervisninga.
Målet med prosjektet er å finna ut om modelltekstar kan fungera som støtte
for elevane som skrivarar av sakprega tekstar. Forskingsspørsmåla
undersøkjer på kva måte modelltekstane og læraren si undervisning set spor i
elevane sine tekstar, og korleis elevane posisjonerer seg som skrivarar.
Forskingsprosjektet er designa som ein kasustudie. Kasuset inneheld fire ulike
skrivesituasjonar som alle har det til felles at det er sakprega tekstar. Desse
fire skrivesituasjonane er, skriving av biotoplogg, labrapport, fagtekst om eit
historisk tema og fagtekst om eit naturfagleg tema. Dei fire skrivesituasjonane
inneber bruk av ulike modelltekstar.
Teoretisk tek prosjektet utgangspunkt i teoriar om dialog og intertekstualitet,
læringsteoriar inspirert av stillasbygging, og ikkje minst teoriar om domene
og posisjonering. Heilt sentralt i avhandlinga er omgrepa simulert
læringsbane og det å posisjonera seg domenerelevant. Dette er omgrep som
gir nokre innsikter i lesing og skriving i fag og som igjen gir nye perspektiv
på feltet, både teoretisk og pedagogisk. Modelltekstane er eit ledd i ein
simulert læringsbane som er tenkt å fungera som støtte for at elevane sine
posisjoneringar både som naturvitarar i labrapportane og fagbokforfattarar i
fagbøkene.
Analysane av elevane sine tekstar viser at modelltekstane set ulike spor i
elevane sine tekstar. Mange av spora er knytt til større strukturar, slik som td.
komposisjonelle språklege trekk, men også mindre språklege trekk som
setningar og einskilde ord og uttrykk. Undervisninga og den måten elevane og
læraren brukar modelltekstane på set spor i elevane sine tekstar. Analysane
viser vidare at dei 12 fokuselevane i prosjektet simulerer naturvitskaplege
posisjoneringar i labrapportane og posisjoneringar som fagbokforfattarar i
fagbøkene. Desse posisjoneringane er direkte uttrykt i elevtekstane i måten
dei komponerer tekstane og brukar ulike språkføringar tilpassa formålet med
skrivinga. Men posisjoneringa som naturvitar og fagbokforfattar kjem også til
289
uttrykk i intervjua når dei omtalar eigne tekstar og val dei har gjort i
skriveprosessen.
Konsekvensane av prosjektet for denne klassen har vore at elevane har vist
stor begeistring for skrivinga i møte med modelltekstane. Dei har hatt
metasamtalar om språk og viser ei bevisstheit om at tekstar har ulike
språkføringar a |
---|