Kjensla av leikeplassen. Ei kvalitativ undersøking av fem år gamle barn sine bevegelsespraksisar i barnehagen

Føremålet med denne artikkelbaserte avhandlinga er å undersøke kva som karakteriserer fem år gamle barn sine bevegelsespraksisar på barnehagens leikeplass, og korleis barna i dei leikande møta på leikeplassen kan utvide sine bevegelsespraksisar. Grunnen til å rette merksemda mot dette, er at bevegel...

Ausführliche Beschreibung

Gespeichert in:
Bibliographische Detailangaben
1. Verfasser: Pedersen, Lillian
Format: Dissertation
Sprache:nor
Schlagworte:
Online-Zugang:Volltext bestellen
Tags: Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
Beschreibung
Zusammenfassung:Føremålet med denne artikkelbaserte avhandlinga er å undersøke kva som karakteriserer fem år gamle barn sine bevegelsespraksisar på barnehagens leikeplass, og korleis barna i dei leikande møta på leikeplassen kan utvide sine bevegelsespraksisar. Grunnen til å rette merksemda mot dette, er at bevegelsesvanar tileigna i barneåra er vurdert å ha stor tyding for barns forståing av eigne bevegelsesmoglegheiter og syn på seg sjølve. I tillegg går om lag 98% av alle norske barn i barnehage. Uteleik er vurdert som vesentleg for barnehagebarns moglegheiter til bevegelse, og det er eit prioritert område i barnehagane. Norske barnehagebarn brukar difor mykje tid ute, og då spesielt på barnehagens leikeplass. Til tross for dette, er det få studiar som har studert barns leik på leikeplassen og kva bevegelsespraksisar barna har moglegheit til å skape når dei er der. I avhandlinga sin forskingsgjennomgang ser vi også at det å leike ute ikkje er einstydande med at barna erfarer variert og utfordrande leik. Studien som er presentert i denne avhandlinga brukar eit kroppsfenomenologisk perspektiv som utgangspunkt, og bevegelse er difor vurdert som eit grunnleggande menneskeleg behov og ei uttrykksform. Gjennom sitt forhold til verda er kroppen i ein kontinuerleg skapingsprosess. Barna sine bevegelsar er kroppane deira sitt svar på omgjevnadane sine krav og tilstandar, og dei er i stadig endring. Ein bevegelsespraksis veks difor fram på bakgrunn av korleis barna erfarer seg sjølve, andre og omverda i eit gjensidig forhold. Studien er kvalitativ, og videoobservasjonar og feltnotat utgjer studien sitt empiriske grunnlag. To barnehagar er med i utvalet, og observasjonane er retta mot åtte fem år gamle barn, to jenter og to gutar i kvar av barnehagane, og deira leikekameratar. Studien sitt overordna føremål er undersøkt gjennom tre forskingsspørsmål, og desse utgjer avhandlinga sine tre artiklar. Første artikkel er «Når barna møter leikeplassen – eit kjønnsperspektiv på barns rørslemoglegheiter». Den undersøker kva som kjenneteiknar dei potensielle romma som blir skapte i leik mellom fem år gamle jenter og gutar på barnehagens leikeplass, og kva bevegelsesmoglegheiter dei fremjar. Resultata viser at innhaldet i dei potensielle romma kan knytast til idrett, arbeid og familie, og at både jenter og gutar har stor fridom til å bestemme kva innhald dei kan leike ut frå. Kva potensielt rom det enkelte barn skapar for seg sjølv, skil seg likevel mellom jenter og gutar. Jenter verkar å s