Fitnessutøvarar sin konkurranseførebuande periode
Bakgrunn: Stadig fleire deltek i fitnesskonkurransar. Det er lite dokumentert kva for strategiar som vert praktisert mellom fitnessutøvarar og korleis den konkurranseførebuande perioden påverkar kroppssamansetjinga. Det overordna målet for denne studien var såleis å undersøkje 1) kva som kjenneteikn...
Gespeichert in:
1. Verfasser: | |
---|---|
Format: | Dissertation |
Sprache: | nor |
Schlagworte: | |
Online-Zugang: | Volltext bestellen |
Tags: |
Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
|
Zusammenfassung: | Bakgrunn: Stadig fleire deltek i fitnesskonkurransar. Det er lite dokumentert kva for strategiar som vert praktisert mellom fitnessutøvarar og korleis den konkurranseførebuande perioden påverkar kroppssamansetjinga. Det overordna målet for denne studien var såleis å undersøkje 1) kva som kjenneteiknar fitnessutøvarar sitt kosthold og trening i diettperioden, 2) om fitnessutøvarar kan auke muskelmassen i diettperioden, og 3) om noko skil trenings- og kostholdsrutinar til utøvarar som aukar muskelmasse frå dei som tapar muskelmasse i diettperioden.
Metode: Kroppssamansetjinga til 20 kvinnelege fitnessutøvarar vart målt ved studiens start og rett før konkurranse ved hjelp av Dual Energy X-ray Absorptiometry. I same periode blei kostholdet kartlagt ved 4-dagers, vegd kostregistrering medan spørreskjema vart nytta til kartlegging av trening. Utvalet blei delt i to grupper: «Lean body mass vekst», og «lean body mass tap», ut frå om resultat frå kroppsanalyse viste auka eller tapt muskelmasse mellom diett start og diett slutt.
Resultat: Utvalet reduserte vekt -4,7 (3,4) kg, og fettmasse -4,8 (4,0) kg, medan lean body mass auka 1,0 (1,6) kg i diettperioden. Energiinntaket vart estimert til 27 (5) kcal, proteininntaket til 2,8 (0,5) g, karbohydratinntaket til 2,3 (0,7) g, og fettinntaket til 0,7 (0,3) g pr. kg kroppsvekt. Med unntak av endring i: vekt (p |
---|