Legemiddelbruk, haldningar og erfaringar i møte med svangerskapsomsorga blant kvinner med svangerskapskvalme - Ein internettbasert tverrsnittstudie

Bakgrunn: Svangerskapskvalme er ei av dei vanlegaste plagene gravide opplever i løpet av svangerskapet og råkar om lag 7 av 10 gravide. Kor alvorleg kvalmen er variera der nokre opplever milde symptom medan andre oppleve vedvarande kvalme og oppkast som kan føre til innlegging på sjukehus. Årsaka ti...

Ausführliche Beschreibung

Gespeichert in:
Bibliographische Detailangaben
1. Verfasser: Solheimsnes, Anja
Format: Dissertation
Sprache:nor
Schlagworte:
Online-Zugang:Volltext bestellen
Tags: Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
Beschreibung
Zusammenfassung:Bakgrunn: Svangerskapskvalme er ei av dei vanlegaste plagene gravide opplever i løpet av svangerskapet og råkar om lag 7 av 10 gravide. Kor alvorleg kvalmen er variera der nokre opplever milde symptom medan andre oppleve vedvarande kvalme og oppkast som kan føre til innlegging på sjukehus. Årsaka til svangerskapskvalme er usikker, men er sannsynlegvis samansett av ei rekke faktorar. Svangerskapskvalme kan føre til dårleg livskvalitet og ha negativ påverknad på ulike faktorar i kvardagen. Det finst ulike behandlingar for svangerskapskvalme; for nokre vil kost- og livsstilsendringar eller ikkje-medikamentelle behandlingar hjelpe, medan andre må bli behandla med legemidlar. Sidan svangerskapskvalme vanlegvis oppstår i første trimester, samtidig som organutviklinga hos fosteret skjer, er mange skeptiske og tilbakehaldne med behandling med legemidlar grunna fare for teratogene effektar. Risiko ved bruk av legemidlar i svangerskapet blir ofte overestimert av kvinnene og helsepersonell. Hensikt: Målet med denne studien er å undersøkje kva norske gravide med svangerskapskvalme brukar for å behandle kvalmen, og kva som påverkar bruken. Vidare ynskjer ein å sjå kor alvorleg kvalmen er og kva konsekvensar svangerskapskvalme kan ha på andre faktorar som livskvalitet og kvardagsliv. Vi ynskte også å sjå på erfaringar kvinnene hadde i møte med helsepersonell. Metode: Metoden som blei brukt i denne studien var spørjeundersøking på internett. Ei annonse med link til spørjeskjema blei lagt ut på graviditets- og babyrelaterte nettsider. Kvinner som var gravid eller som hadde eit barn på under 1 år, og som hadde hatt svangerskapskvalme i noverande eller siste graviditet, kunne delta. Resultat: Det var 712 kvinner som deltok i denne studien, dei fleste hadde moderat eller alvorleg svangerskapskvalme. Svangerskapskvalmen førte hos dei fleste kvinnene til dårlegare livskvalitet og påverka andre faktorar i kvardagen negativt, som dagleg aktivitet relatert til huslege gjeremål, sosialt liv, forhold til partner, evna til å ta seg av andre barn, redusert arbeidskapasitet på jobb og følelse av nedstemthet. Nokre kvinner vurderte også å avslutte svangerskapet eller å ikkje få fleire barn som følgje av svangerskapskvalme. Alle dei 6 nemnde faktorane var assosiert med alvorlegheitsgrad av kvalme. Nærmare 40 % av kvinnene hadde fått kvalmestillande legemidler, der meklozin og metoklopramid var mest brukt. Ei rekke andre behandlingar var også brukt, der 54 % av kvinnene hadde brukt alter