Frå førskulelærar til barnehagelærar : Den nye barnehagelærarutdanninga, mulighet og utfordringar
Denne rapporten er den første i det som skal vere årlege rapportar frå Følgjegruppa for barnehagelærarutdanning. Arbeidsperioden for følgjearbeidet er 2013-2017. Dei første studentane vart tekne opp til den nye barnehagelærarutdanninga hausten 20131. Følgjegruppa har dette året hatt eit særleg blikk...
Gespeichert in:
Hauptverfasser: | , , , , , |
---|---|
Format: | Buch |
Sprache: | nor |
Online-Zugang: | Volltext bestellen |
Tags: |
Tag hinzufügen
Keine Tags, Fügen Sie den ersten Tag hinzu!
|
Zusammenfassung: | Denne rapporten er den første i det som skal vere årlege rapportar frå Følgjegruppa for barnehagelærarutdanning. Arbeidsperioden for følgjearbeidet er 2013-2017. Dei første studentane vart tekne opp til den nye barnehagelærarutdanninga hausten 20131. Følgjegruppa har dette året hatt eit særleg blikk på iverksetjinga av den nye utdanninga ved dei institusjonane som gir slik utdanning2. Tittelen på rapporten er talande nok: «Den nye barnehagelærarutdanninga. Mulegheiter og utfordringar.» I tillegg til iverksetjinga (kapittel 4), har følgjegruppa også sett på arbeidet med praksisopplæringa (kapittel 5), kunnskapsområda (kapittel 6) og pedagogikkfaget (kapittel 7) i den nye utdanninga. Desse tre kapitla er bygde opp etter same lest. Vi har teke utgangspunkt i kva forskrifta om rammeplan for barnehagelærarutdaning og nasjonale retningsliner seier om dei tre områda. Vidare gir vi eit kort historisk tilbakeblikk på korleis desse områda har vore handsama i tidlegare førskulelærarutdanningar. Siktemålet med kapitla er å gjere greie for og analysere utfordringar og mulegheiter institusjonane har når det gjeld kunnskapsområda, praksisopplæringa og pedagogikkfaget. Dette gjer vi ved å bruke kunnskap og erfaringar frå møta med institusjonane som følgjegruppa gjennomførte våren 2014. Kvart kapittel vert avslutta med konkrete tilrådingar til utdanningsinstitusjonane og til Kunnskapsdepartementet. Rapporten inneheld også eit kapittel (kapittel 2) som gjer greie for studietilboda og studiemodellane ved dei universiteta og høgskulane som gir barnehagelærarutdanning. I tillegg eit eige kapittel (kapittel 3) med nokre avgrensa data om søkjartal til utdanninga, inntakskvalitet, førebelse tal om fråfall frå utdanninga og analyse av framtidig behov for barnehagelærarar.3 Følgjegruppa har dette første året også gjennomført ei landsomfattande spørjeundersøking til alle andre og tredjeklassestudentane i den «gamle» førskulelærarutdaninga og alle dei nye barnehagelærarstudentane. Hovudfunna frå undersøkinga er tekne inn i kapittel 3. Samla rapport frå undersøkinga følgjer som eige vedlegg. Følgjegruppa vil takke dei studentane som deltok i denne undersøkinga. 1 I samband med omlegginga av namnet på utdanninga frå førskulelærar- til barnehagelærarutdanning, vart også yrkestittelen endra til barnehagelærar. 2 Følgjegruppa sine grunngjevingar for val av arbeidsområde dette året, er nærare omtalt i kapittel 1 i rapporten. 3 Følgjegruppa vil på nyåret 2015 ha klar ein delrapport om søkja |
---|